Ole Henrik Risøy Solheim

Ole Henrik Risøy Solheim er skodespelar, songar, og dramatikar frå den lille bygda Gilja i Rogaland. Han har si utdanning i musikalteater frå Musikkteaterhøgskolen, Høgskolen Kristiania (2018–2021).

I 2023 deltok han i songkonkurransen The Voice og vart ein klar favoritt. Han enda opp på ein 8. plass.

Som skodespelar har han erfaring frå musikalteater i roller som Pilar i Legally Blonde, Moritz i Spring Awakening, og ensemble i The Addams Family. I 2024 hadde han hovudrolla Trille i Teater Ibsen si oppsetting av Vaffelhjarte.

I tillegg til å vere utøvande, arbeider han også som skrivande. Han har mellom anna skrive stykket Ikke gråt over spilt blod og Kvinna ho elskar, og fått publisert monologane Glittertanker og KÅL i Unge Viken si antologi.

Som skribent har han fått publisert artikkelen Musikkteater og maskulinitetsdiskursar i endring i det vitskaplege tidsskriftet DRAMA og artikkelen Søken etter normen i magasinet Argument.

Foto: Jonatan Arvid Quintero