Dei umoglege - Ein hyllestkonsert til Sigvart Dagsland
Velkomne til konsert der me hyllar vår kjære Sigvart Dagsland! Med ei karriere som har strukke seg over meir enn 20 år, har denne artisten gitt ut 20 soloplater og seld over 500 000 plater. I løpet av denne tida har han stole hjartet til både unge og gamle med sin strålande røyst og forteljarkunst. Dagsland har eit tekstmangfald som spenner frå det kvardagslege til det meir alvorlege, med både religiøse tema og songar om livets ulike fasar. I 2023 fylte Dagsland 60 år, og det er difor rett og rimeleg å hylle denne folkekjære artisten. Rogalendingane Anne Birgitte og Ole Henrik, som begge er utdanna musikalutøvarar, vil difor invitere deg til konserten De Umulige. Med oss har vi Øystein Folkedal på piano.
Konserten var ein del av Den Kulturelle Spaserstokken i Karmøy og Gjesdal våren 2024 og har spelt på restauranten På Kaien på Karmøy.
Ole Henrik var VOKALIST.
Songar: Ole Henrik Risøy Solheim & Anne Birgitte Grindhaug
Pianist: Øystein Folkedal
Vaffelhjarte på Teater Ibsen
Trille og Lena er naboar i Knert-Mathilde, ein liten bygd ein stad i Noreg. Dei ser kvarandre kvar dag og støttar kvarandre gjennom små og store bekymringar i livet, i tillegg til at dei finn på så mykje. Ingenting er kjedeleg, synest Trille, når Lena er i nærleiken. Men ein dag skjer det noko som kan snu opp ned på heile tilværet for dei gode naboane. Mammaen til Lena har fått seg kjærast, og dei må flytte inn til byen. Kva skjer då med Trille og Lena?
Ole Henrik hadde rolla TRILLE.
Førestillinga spelte på Teater Ibsen februar – april 2024
Regi/koreograf Linn Olsen, Scenografi/Kostyme: Silje Sandodden Kise, Lysdesignar: Silje Grimstad, Musikalsk ansvarleg: Espen Gjelstad Gundersen
Skodespelarar: Nami Kitagawa Aam, Ole Henrik Risøy Solheim, Hadle Reisæter, Bibi Nerheim, Håkon Moe, Dorina Marie Eldøy-Iversen
Bamse og Dokka i klomaskinen
Bamse og Dokka i klomaskinen er ein musikalsk og fargerik barneframsyning frå teaterkompaniet Sæle & Solheim.
Bamse har sitte fast i ei klomaskin så lenge han kan hugse. Plutseleg oppdagar han ein ny leike i klomaskinen, Dokka. Kjem dei til å bli vener? Og viktigast av alt; vil det ein dag kome eit barn og plukke dei? Med utgangspunkt i songar som «Teddybjørnens vise» og «Se min kjole», utforskar framsyninga tema som venskap, einsamheit og kva som skal til for å vere god nok, bli vald, ønska og elska.
Høsten 2023 spelte framsyninga på Barnas Kulturhus og Barnelørdag i Bydelene.
Ole Henrik hadde rolla BAMSE.
Regi/dramatikar/skodespelar: Ole Henrik Risøy Solheim
Regi/koreograf/skodespelar: Eli Aurlund Sæle
De nære ting
Kristian er på veg heim til byen etter eit besøk heime på bygda. Plutseleg møter han ein gamal venn, Solveig. Møtet vekkjer gode minner mellom dei, men òg vonde. Kristian er oppteken av materielle gode og slit med å sjå på verda på same måte som Solveig. Kva kan dei lære av kvarandre?
Saman med songar og viser frå 50- og 60-talet utforskar den musikalske framsyninga tema som venskap, identitet og jakta på det nære.
Framsyninga var ein del av Den Kulturelle Spaserstokken i Karmøy og Bergen våren 2023.
Ole Henrik hadde rolla KRISTIAN.
Regi: Ole Henrik Risøy Solheim & Eli Sæle Aurlund
Dramatikar: Ole Henrik Risøy Solheim
Skodespelar: Ole Henrik Risøy Solheim & Eli Sæle Aurlund
Musikar: Arne Skorpe Sjøen
Forelska i Feisbukk
Feisbukk har blitt den største og sterkaste bukken i heile Våtedalen. Ja, i heile verda! Geitene er heilt ville etter han, men han går berre og traskar for seg sjølv.
Han bryr seg ikkje lenger om å stange med Smørbukk og dei andre bukkane. – Kva er det med deg? spør Smørbukk. – Veit ikkje! svarer Feisbukk. For Feisbukk byrjar å kjenne noko nytt inni seg. Så han går enda lenger vekk frå flokken. Han klatrar opp til toppen av Tindefjellet for han er nøydd til å passe på sola, vinden og regnet. Er han berre verdas største tullebukk, eller kan det vere noko anna som plagar Feisbukk?
Forelska i Feisbukk er ei framsyning bygd på biletboka med same namn, av Hans Sande og Per Dybvig.
Framsyninga turnerte på dei ulike bydelsbiblioteka i Bergen våren 2023.
Ole Henrik hadde rolla SMØRBUKK.
Regi: Ole Henrik Risøy Solheim
Songtekstar: Hans Sande
Kostymedesign: Julie Keyser
Scenografi: Julie Keyser & Jakob Helgheim
Skodespelarar: Ole Henrik Risøy Solheim & Jakob Helgheim Henrik Risøy Solheim
Framsyninga passar for born 4–10+ år
Kjærlighetens antarktis
I Kjærlighetens antarktis følgjer kvinna livet til dei næraste etterlatte, medan ho samtidig fortel si eiga historie. Og før ho fyller 30 år blir livet teke frå ho, av ein mann som har venta heile livet på å valdta, mordre og fornedre ei kvinne. Ole Henrik hadde rolla ENGEL.
Regi: Annika Silkeberg
Dramatikar: Sara Stridsberg
Omsett av Monica Aasprong
Produsent: Den Nationale Scene
Foto: Sebastian Dalseide
Neste gong eg ser deg
Neste gong eg ser deg er ein scenetekst av Frode Gjerløw som handlar om maktstrukturen i eit forhold. Teksten hadde ei open lesing i Skiftet på Det Vestnorske Teateret 18. november 2022. Ole Henrik hadde rolla EG.
Regi: Frøydis Århus
Dramatikar: Frode Gjerløw
Produsent: Det Vestnorske Teateret
Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes
Ikke gråt over spilt blod
Ikke gråt over spilt blod hadde si urpremiere i Oslo i august 2021. Stykket omhandlar temaet menn som har sex med menn som ikkje har moglegheit til å gi blod på same vilkår som heterofile. Stykket er ei kritikk mot dagens lovgjeving angåande blodgjeving som diskriminerer mot homofile. Stykket vart også framført i Trondheim i oktober 2021. Ole Henrik hadde rolla MANN 1.
Regi: Teaterkompani Bøllefrø
Dramatikar: Ole Henrik Risøy Solheim
Komponist: Margrét Erlendsdôttir
Produsent: Teaterkompani Bøllefrø
Foto: Daniel Bjørneraas
Foto: Ida Gøytil
The Addams Family
The Addams Family hadde si premiere 10. juni på Lillestrøm Kultursenter. Framsyninga er ein festleg komedie som omfavnar galskapen i kvar familie. Musikalen er basert på Charles Addams sin teikneserie «The Addams Family», som skildrar ei uhyggjeleg, makaber familie som er påfallande normal når alt kjem til alt. Ole Henrik hadde rolla ENSEMBLET.
Regi: Håkon Steinsholt
Koreografi: Lisa Pedersen
Kapellmeister: Petter Kragstad
Produsent: Teppefall
Spring Awakening
Spring Awakening er ein rockemusikal basert på eit tysk teaterstykke frå 1891 av Frank Wedekind. Musikalen tok Broadway med storm i 2006 og vann heile åtte Tony-prisar. Ole Henrik hadde rolla MORITZ.
Book and Lyrics: Steven Sater
Music by: Duncan Sheik
Regi: Linn Olsen
Koreograf: Jan Ivar Lund
Musikalsk ansvarleg: Carl Fredrik Falkenberg
Produsent: Høyskolen Kristiania
Foto: Linda Stol Strigsve
Foto: Javier Berrocal
Legally Blonde
Legally Blonde er ein musikal basert på filmen Legally Blonde frå 2001 med musikk av Laurence O’Keefe og Nell Benjamin og manus av Heather Hach. Historia følgjer Elle Woods som startar på Harvard Law School for å få tilbake sin eks-kjærast Warner. Mange har ikkje tru på henne, men vil ho klare å vere tru mot seg sjølv? Ole Henrik hadde rolla PILAR.
Regi: Christoffer Paulsen
Koreografi: Cecilie Marjatta Välinen
Musikalsk ansvarleg: Thomas Gunnari Røtting
Produsent: Lars Christian Wahlberg